Bemærk: Kan ikke leveres før jul.
Forventes på lager: 21-11-2014
I november 2014 er det tjue år sidan folkefleirtalet sa nei til medlemskap i EU. Det vil Nei til EU feire med ei illustrert jubileumsbok om EU-kampen. Boka følgjer den norske EU-debatten frå det første demonstrasjonstoget rundt Stortinget i mars 1962 og fram til folkerøystinga i november 1994. Her er alle milepælane og høgdepunkta med, båtstafetten, markeringa i Ullensvang, historia til alle fylkeslaga, markeringa i Tromsø, stjernemarsjen og sist men ikkje minst - gledestårene valnatta. Og som ein raud tråd gjennom framstillinga får forfattaren fram kva kampen eigentleg handla om. Kven sto mot kvarandre desse åra - og korleis blei EU-motstanden organisert? Kva sto debatten om og korleis blei det mobilisert dei siste vekene? Og sist men ikkje minst: Kvifor vann nei-sida til slutt? Boka er gjennomillustrert i fargar.
| Forlag | Samlaget |
| Forfatter | Seierstad Dag |
| Type | Bog |
| Format | Indbundet |
| Sprog | Nynorsk |
| Udgivelsesår | 2014 |
| Reference | 9788252178128 |