Forventes på lager: 09-07-2024
Argumentasjon står sentralt i språkleg samhandling, det vere seg som ein del av den offentlege ytringskulturen i samfunnet, i det daglege livet menneske imellom og innan ulike sektorar, fag og vitskapsområde. Samstundes eksisterer det mange ulike tilnærmingar ein kan bruke for å forstå, analysere og vurdere argumentasjon. Denne boka gir ei innføring i fleire ulike argumentasjonsmodellar. Lesaren blir introdusert for både klassisk argumentasjonslære og retorikk, resonnementsbaserte modellar og mange ulike diskursanalytiske tilnærmingar. Framstillinga er illustrert med eksempel, og det er lagt vekt på å få fram kva som særmerker dei ulike retningane. Kjersti Maria Rongen Breivega er professor ved Høgskulen på Vestlandet. Å studere-serien består av lett tilgjengelege innføringsbøker skrivne av engasjerte og dyktige formidlarar. Bøkene gir studentane det første overblikket som er så viktig for å få ein god start på eit studium.
| Forlag | Fagbokforlaget |
| Forfatter | Kjersti Rongen Breivega |
| Type | Bog |
| Format | Hæftet |
| Sprog | Sproget kan ikke bestemmes |
| Udgave | 1. (09-07-2024) |
| Oplagsdato | 09-07-2024 |
| Serie | Å studere-serien |
| Sideantal | 256 |
| Indbinding | Hæftet |
| ISBN-13 / EAN-13 | 9788245045314 |