Bemærk: Kan ikke leveres før jul.
Forventes på lager: 17-07-2020
Marginalisering av utsett ungdom er ei vesentleg utfordring. Unge er generelt utsette på arbeidsmarknaden. Vanskane med å få seg arbeid er endå større for dei unge som har problem med helse, rus, kriminalitet eller anna. Denne boka viser korleis Nav-rettleiarar, sosialarbeidarar og andre som hjelper utsett ungdom, kan arbeide for å inkludere ungdommane i arbeid. Forfattaren diskuterer inkludering i lys av Supported Employment (SE) og kapabilitetstilnærminga. SE har vist seg å vere særs godt eigna for arbeidsinkludering av utsette grupper, og kapabilitetstilnærminga handlar om å auke sjansen til å nå måla sine åleine eller i samspel med andre ved å omdanne ressursar til reelle moglegheiter og levd liv. Boka rettar seg til studentar i sosialt arbeid, tilsette i Nav, skule og tiltaksapparat som hjelper utsett ungdom i alderen 15-25 år med å finne arbeid. Kjetil Frøyland er utdanna sosionom og idéhistorikar og er forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet, OsloMet - storbyuniversitetet. Han arbeider med arbeidsmiljø og arbeidsinkludering av utsette grupper, arbeidsretta bistand (Nav) og rusmiddelførebygging i arbeidslivet.
| Forlag | Fagbokforlaget |
| Forfatter | Kjetil Frøyland |
| Type | Bog |
| Format | Hæftet |
| Sprog | Sproget kan ikke bestemmes |
| Udgave | 1. (17-07-2020) |
| Oplagsdato | 17-07-2020 |
| Sideantal | 160 |
| Indbinding | Hæftet |
| ISBN-13 / EAN-13 | 9788245033144 |