Bemærk: Kan ikke leveres før jul.
Forventes på lager: 16-02-2024
Ei ung kvinne arbeider som engelsklærar i Kyoto. Ho bur i ei skrøpeleg leilegheit og held seg mest for seg sjølv. Dei stadige blikka og spørsmåla ho får, minner ho på at ho ikkje høyrer heime i landet, sjølv om ho har budd der i fem år og snakkar språket godt. Ein sein januarkveld ringer det på døra, men det er ingen der. Då det skjer igjen, byrjar tankane å spinne, og tryggleiken ho har bygd opp, tek til å krakelere. Etter kvart som menneske, naturkrefter og uforklarlege fenomen forstyrrar isolasjonen hennar, får ho stadig større problem med å halde omverda på avstand. "Austvestpassasjen" er ein roman om frykt, språk, einsemd og tiltru. Om å gje seg over til ein annan kultur og framande menneske. Om daglege trugsmål som får naturkreftene til å bleikne.
| Forlag | Samlaget |
| Forfatter | Kjærstein Ingvill |
| Type | Bog |
| Format | Indbundet |
| Sprog | Nynorsk |
| Udgivelsesår | 2024 |
| Reference | 9788234011245 |