Bemærk: Kan ikke leveres før jul.
Forventes på lager: 20-05-2016
Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet S/S Juno i Kristiansund, med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, sterkt prega av stunda. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota. Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet set blikket rett på han. Da han kysser den romantiske Rosa Edelblad, er det med både sterk lyst og frykt for å bli bunden. Eilert forsøker å la arbeidet styre han. Det skal kome ei stor og gjennomgripande vending i Eilerts liv, som om han har vore på feil spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin bryt han opp slik 50 000 andre nordmenn i si tid gjorde og startar på den lange reisa til prærien i Canada. Hausten 1905 tar han land ved Eidswold (Donalda), Alberta. Heime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han skal få sjå sonen sin att i dette livet.
| Forlag | Forlaget Oktober |
| Forfatter | Edvard Hoem |
| Type | Bog |
| Format | Paperback |
| Sprog | Sproget kan ikke bestemmes |
| Udgivelsesdato | 20-05-2016 |
| Oplagsdato | 20-05-2016 |
| Første udgivelsesår | 2016 |
| Serie | Familien fra Rekneslia |
| Sideantal | 465 |
| Indbinding | Paperback |
| ISBN-13 / EAN-13 | 9788249516353 |