Bemærk: Kan ikke leveres før jul.
Forventes på lager:
Perioden tidleg nynorsk tid, dvs. frå 1525 (ev. 1537) til 1814, blir òg kalla tidleg moderne tid eller tidleg ny tid. Primærkjeldene frå perioden er fåe, og forskinga på tidleg nynorsk tid har dermed hatt mykje preg av at ho gjeld den firehundreårige natta.
Kjeldene byd på særlege utfordringar når ein skal bruke dei i språkhistoria i og med at dei mest følgjer dansk skriftmønster og berre delvis er meint å skulle spegle bestemte norske dialektar.
Artiklane i denne boka viser korleis ein kan bruke kjeldene, og korleis ein kan dra slutningar om utviklinga i talemålet i ulike landsdelar. Dette gjeld både fonologi, morfologi og syntaks. Men den språklege situasjonen er òg interessant med tanke på kva mønster eller norm skrivarane la seg etter når dei formulerte dokument, og korleis dei opplevde situasjonen i ei tid då oppfatningane av språk kan ha vore nokså annleis enn dei vi har i dag. I språkhistoria brukar ein omgrepet ‘norvagismar’, men kva stod det for i samtidskulturen?
| Forlag | Novus forlag |
| Forfatter | Sandøy Helge (red.) |
| Type | Bog |
| Format | Hæftet |
| Sprog | Norsk |
| Udgivelsesår | 2012 |
| Reference | 9788270996551 |