Bemærk: Kan ikke garanteres før jul.
Forventes på lager: 27-10-2016
Denne boka undersøkjer om og i kva grad ulike språkstrids-ideologiar frå 1800- og 1900-talet kjem fram i arbeida til utvalde norske språkhistorikarar. Dei rammene som norsk språkhistorieskriving på 1800- og 1900-talet heldt seg innanfor, blei definerte ikkje berre av språk.vitskapen, men også av språkstriden, som kom som eit resultat av 1814-frigjeringa frå Danmark saman med nasjonalromantisk filosofi og ideologi. Mykje av norsk språkhistorieskriving på 1800- og 1900-talet var tett knytt til språkstridsideologien i samtida. Ei sentral oppgåve som språkforskarane hadde etter 1814, var å skilja ut det som skulle gjelde for norsk språk og norsk språkutvikling, særleg i motsetnad til dansk, men òg til svensk. Boka tar for seg nokre sentrale språkhistorikarar og drøftar deira problemstillingar, teoriar og metodar for å sjå i kva monn dei var, eller ikkje var, språkstridsideologisk påverka. Forfattarane Ernst Håkon Jahr, Gudlaug Nedrelid og Marit Aamodt Nielsen er professorar i nordisk språkvitskap ved Uni.versitetet i Agder, Kristiansand, og har forska og publisert mykje om norsk språkhistorie og andre språkvitskaplege emne.
| Forlag | Novus forlag |
| Forfatter | Jahr Ernst Håkon |
| Type | Bog |
| Format | Indbundet |
| Sprog | Nynorsk |
| Udgivelsesår | 2016 |
| Reference | 9788270998661 |