Bemærk: Kan ikke garanteres før jul.
Forventes på lager: 01-01-2007
Ei underhaldande reise tilbake til norskens opphav, og språkreisa tek til i dag med norskens plass i det globale språksamfunnet. Lomheim guidar oss gjennom det dramatiske tusenåret då urnordisk gradvis gjekk over til å bli norrønt som vikingane så tok med seg ut i Europa, fram til dagens internasjonalt prega norsk. Den kunnskapsrike språkdirektøren syner korleis samfunnsutviklinga har påverka språket vårt, og korleis menneska gjennom historia har teke til seg ord og vendingar i takt med nye behov. Reisa sluttar ved å vende blikket framover. Vegen vidare er uviss. Trass i ulike tema og mange avstikkarar har reisa éin tydeleg tråd, og det er at ord og samfunn til alle tider står i forhold til kvarandre. Det er ikkje dermed slik at språket styrer samfunnet - det er samfunnet som styrer språket. Slik var det i steinalderen, og slik er det i skjermalderen. Denne mangfaldige framstillinga av språkhistoria vil fryde både ihuga språkelskarar og dei språkinteresserte som ønskjer å vite meir om språkutvikling. Bli med på ei spennande språkreise!
| Forlag | Cappelen Damm |
| Forfatter | Lomheim Sylfest |
| Type | Bog |
| Format | Indbundet |
| Sprog | Norsk |
| Udgivelsesår | 2007 |
| Reference | 9788204111173 |