Forventes på lager: 15-10-2020
I "Yt etter evne, få etter behov" får vi eit innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gudrun, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han. Med "Yt etter evne, få etter behov" har Olaug Nilssen skrive ein humoristisk og alvorleg roman, og ei forlenging av tematikken i "Tung tids tale" frå 2017: Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie?
| Forlag | Samlaget |
| Forfatter | Olaug Nilssen |
| Format | Indbundet |
| Sprog | Sproget kan ikke bestemmes |
| Udgave | 1. (15-10-2020) |
| Oplagsdato | 15-10-2020 |
| Indbinding | Indbundet |
| ISBN-13 / EAN-13 | 9788234003394 |