Forventes på lager: 22-02-2021
Skal du verkeleg læra deg eit fag, må du læra deg språket og skrivemåtane til faget. Kvart fag har særeigne måtar å bruke språk på, og fagkunnskapen blir formidla gjennom desse skrivemåtane. Naturfag har sine måtar å bruka skrift på, norskfaget har andre. Desse skrivemåtane må læraren visa elevane sine. Forfattaren presenterer forskjellige typar støtte i skriveundervisninga som kan gi målretta og variert skriveundervisning i ulike fag. Ho viser korleis læraren kan byggja stillas rundt skrivinga til elevane: ved hjelp av fagspråk om tekst, iscenesetjing av kommunikasjonssituasjonen, modelltekstar, skriverammer, samtale, respons og vurdering. Boka har eit vell av eksempel frå alle trinn i grunnskulen og frå ulike fag som norsk, naturfag og samfunnsfag, både elevtekstar i utvikling og undervisningsopplegg. 2. utgåva av boka er oppdatert i tråd med Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020, med nyare forsking og har fått endå fleire eleveksempel. Skrivedidaktikk er viktig lesing for alle som arbeider med skriving i skule og lærarutdanning.
| Forlag | Universitetsforlaget |
| Forfatter | Anne Håland |
| Type | Bog |
| Format | Indbundet |
| Sprog | Sproget kan ikke bestemmes |
| Udgave | 2. (22-02-2021) |
| Oplagsdato | 22-02-2021 |
| Sideantal | 230 |
| Indbinding | Indbundet |
| ISBN-13 / EAN-13 | 9788215041353 |